lørdag 23. april 2011

Fyll ein Pose



På vei til mine kjære Besteforeldre stoppa me innom eit spinneri på oltedal, der dei sel sandnesgarn. Og heldigvis for både meg og mamma, hadde dei "fyll ein pose for 150,-" noko som resulterte i fleire tusen meter med garn, kvar.

Men når det kjem til å holde rekord, kor monge garnnøster trur du det er plass til ein vanleg berepose?

Det er plass til 55 garnnøster, det var i hvertfall det me fekk plass til oppi ein.

så nå når eg har ein pause i frå dei altfor mange leksene som skal bli gjort i ferien, strikkar eg min eigen genser, med lus. Framgongen kjem etterkvart, målet mitt er å vera ferdig med den innan Juni, når eg fyllar 18 år :D

2 kommentarer: