tirsdag 8. mars 2011

70-tallet, Bohem, Hippie

Kven skulle trudd at 70-talet var det som skulle bli in til våren og sommeren? Etter min meining er dette utrolig kult, eg elskar den avslappa hippie stilen i frå 70 talet, og musikk i frå denne tida er berre dritkul. Musikk smaken har eg arva av mor mi, eg blei oppvokst med Nazareth, Guns'n'roses og mange fleir slike gammelrock/puddelrock.

Sommeren er den perfekte tida til å kle seg litt bohem. noko som eg normalt pleiar å gjere. Det er ikkje noko som seiar sommar enn å gå med somarblomster i håret, ein laus kjole og sandalar medan du går i gjennom ei mark med grasstrå som kilar deg på leggane og kneea. Med fuglane kvitrande i treea og sommerregnet som er så varmt og deiligt mot den solbrune huda.

For min egen del skal eg ikkje gå med slengbukser, sjølv om dette er eit veldig sentralt plagg i 70 tals moten. Eg kjem til å holde meg til fjær, lange blomsterkjoler og de mer bohemprega plagga i frå 70 talet. Men det hadde jo ikkje skada å ta den heilt ut berre for morro skuld.

Topp; H&M 149,-
Kjole;H&M 99,-
Kjole; H&M 99,- 
Smykke; H&M 69,50,-

1 kommentar:

  1. 70 tallet e virkelig sjarm, altså :) Kjekt å se at du har begynt å blogge igjen. Veldig fin layout ;)

    Love <3

    SvarSlett