lørdag 23. april 2011

Fyll ein Pose



På vei til mine kjære Besteforeldre stoppa me innom eit spinneri på oltedal, der dei sel sandnesgarn. Og heldigvis for både meg og mamma, hadde dei "fyll ein pose for 150,-" noko som resulterte i fleire tusen meter med garn, kvar.

Men når det kjem til å holde rekord, kor monge garnnøster trur du det er plass til ein vanleg berepose?

Det er plass til 55 garnnøster, det var i hvertfall det me fekk plass til oppi ein.

så nå når eg har ein pause i frå dei altfor mange leksene som skal bli gjort i ferien, strikkar eg min eigen genser, med lus. Framgongen kjem etterkvart, målet mitt er å vera ferdig med den innan Juni, når eg fyllar 18 år :D

fredag 22. april 2011

Lesestoff i Påsken

Etter ei lang pause i frå blogginga, er det på tide å byrja igjen. noko som kanskje dei fleste held på med no i påska er å lese påskekrim, sjølv likar eg å lese ein del, men ikkje akkurat krim bøker. Akkurat no held eg på med å lese ei bok som eg har lånt av ei veninne i klassen min. Den heitar Den Glemte Hagen og er skreven av Kate Morton. Kate er i frå Australia, og Den Glemte Hagen er hennars andre roman. Den første Romanen ho Skreiv var Tilbake Til Riverton. Begge bøkene er bøker som eg vil på det høgaste annbefale for dei som likar bøkar som inneheld historiske besktivelsar og hendingar.


Tilbake til Riverton; Handlinga går for det meste føre seg på ein gammalt engelskt gods. Hovedpersonen som du følger er ei tjenestepike på Godset, og gjennom ho får du vite gamle familie hemmeligheitar og tragiske hendingar i frå 2 verdenskrig. Korleis samfunnet forandra seg etter at krigen var over. Boka er veldig spennande og kjekk og lese. Dette er ikkje akkurat ei spennings roman men heller ikkje nokon historisk roman, men den er ihvertfall både lærarik og kjekk å lese.




Den Glemte Hagen; Boka handlar om ei lita jente/ Kvinne som blir kalla for Nell. Ho blei funnen ombord på eit skip i frå england i ei hamn i Australia. Jenta huskar ikkje kven ho er eller kvifor ho er det. ho veit ikkje kven foreldra hennar er, og blri derfor tatt vare på av ein liten familie i Australia. I denne boka følgjar du jakta på å finne familien hennar og å finne seg sjølv. boka inneheld mykje mystikk og spenning, ettersom det er ei kvinne som blir kalla for Forfatterinnen som skal vera den siste som Nell var i kontakt med før ho hamna i Australia. Boka er framleis under lesing, så det kjem eit innlegg seinare om min endelige meining om boka.